Rekneskapsførar til vårt kontor i Vik i Sogn

Accountor Sogn treng nye medarbeidarar

Accountor Sogn er lokalt eigd, og er franchisetakar i Accountor. Vi har trivelege kontor sentralt i Vik og i Balestrand. Vi har i dag 8 dedikerte medarbeidarar der to jobbar i Balestrand og 6 i Vik.  
Det er viktig for oss at du trivst på jobben!
Vi har høg medarbeidartilfredsheit og høg kompetanse både fagleg og på systemsida. Vi er svært opptatt av å ta i bruk ny teknologi, og er i teten på dette området.
Ønskjer du å vere med og utvikle næringslivet? Ser du etter ei stilling med utviklingsmulegheiter – og ser du etter ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi har ca 200 kundar lokalt og ellers i landet, av ulik storleik og i ulike bransjar – mange spennande oppdrag. Vi ønskjer å styrke vår satsing ytterlegare, og søkjer Statsautorisert Rekneskapsførar eller ein person som er villig til å lære seg faget med bakgrunn i si utdanning.

Kven er du?
Som person er du forretningsorientert, og du blir motivert av å prestere! Vi ser for oss at du er initiativrik, sjølvstendig og ser løysingar der andre ser utfordringar.
Vidare er du positiv, og likar å byggje og ivareta gode relasjonar både med kollegaer og kundar.

Vidare har du:

  • Økonomiutdanning på bachelornivå, med god fagleg innsikt i områda rekneskap, skatt og avgift.
  • God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring eller administrativ bakgrunn.

Og ikkje minst ønskjer du vidare fagleg utvikling i eit hyggeleg og spennande miljø! Har du særlege kvalifikasjonar er det også aktuelt med ytterlegare ansvar utover det som er utlyst i stillinga.

Kva vil jobben bestå i?
Rekneskap frå a til å, herunder ansvar for

  • Bokføring, dokumentasjon og avstemmingar
  • Rapportering til kundar
  • Årsoppgjer, skattemeldingar og likningspapir
  • Kvalitetsoppfølging av oppdraga

Kva kan vi tilby deg?:

I Accountor blir du ein del av Nord-Europas største kjede innan økonomi- og rådgjevingstenester, i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit sterkt fagleg miljø, omgitt av dyktige og framtidsretta kollegaer med ulik bakgrunn.
Vidare kan vi tilby:

  • Interessante og utfordrande oppgåver
  • Mulegheit til å bli Statsautorisert Rekneskapsførar
  • Moderne løysningar til våre kundar og dermed ein meir spennande jobb for våre medarbeidarar
  • Ein jobb som byr på varig personleg utvikling
  • Fleksible arbeidstidsordningar

Vi kan også tilby konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe ilag for å levere framtidas tenester til våre kundar!
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med motivasjonen du har for stillinga, samt oppdatert CV. Vi gler oss til å høyre frå akkurat deg!
Arbeidsstad:
Vi har kontorlokale i Balestrand og i Vik i Sogn. Arbeidsstad vil bli avklart etter ønskje, eventuelt i ein kombinasjon. Kvifor ikkje prøve nye utfordringar i vakre Sogn?
Søknader vert behandla fortløpande. 

Første søknadsdato:

Accountor Sogn - Økonomi Sogn As

Accountor er spesialisert på outsourcing av tjenester innen økonomi, lønn, rådgivning, HR, rekruttering og inkasso. Konsernet består av ca 2300 eksperter fordelt på 6 land – Norge, Sverige, Finland, Danmark, Nederland og Ukraina. Accountor Groups omsetningen var på 260 millioner euro (2022).  

Kontakt:

Telefonnummer: +47 40852181
Sted: Røysavegen 2, 6893 Vik i Sogn