Er du på jakt etter kjekke kollegaer i et større miljø?
Første søknadsdato:
Accountor er Nord-Europas største kjede innan økonomi- og rådgjevingstenester. Vi har spesialisert oss på programvareløysingar, rekneskap og outsourcing-finanstenester for å nå vårt mål, nemleg å hjelpe kundar med å oppdage og bruke moglegheitene ved moderne teknologi og digitalisering i sin arbeidskvardag! Rekneskapsbransjen er i stadig endring med stort fokus på elektroniske løysingar og effektivisering. Vil du være med oss inn i framtida på vår spennande reise?
Har du lyst til å bli ein del av vårt a+ team? Les vidare!
Accountor HAFS er lokalt eigd, og er franchisetakar i Accountor. Vi har hovudkontor i Dale og avdelingskontor i både Leirvik og Førde. Det er viktig for oss at du trivst på jobben! Vi har i dag 18 dedikerte medarbeidarar fordelt på avdelingane våre. Vi har høg medarbeidartilfredsheit og høg kompetanse både fagleg og på systemsida. Vi er svært opptatt av å ta i bruk ny teknologi, og er i teten på dette området.
Ønskjer du å være med og utvikle næringslivet? Ser du etter ei stilling med utviklingsmoglegheit – og ser du etter ein arbeidsgjevar som kan løfte deg vidare? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Vi har no ca 450 kundar lokalt. Vi ønskjer å styrke vår satsing ytterlegare, og søker ein autorisert rekneskapsførar eller ein person som er villig til å lære seg faget med bakgrunn i si utdanning.
Kven er du?
Som person er du forretningsorientert, og du blir motivert av å prestere! Vi ser for oss at du er initiativrik, sjølvstendig og ser løysingar der andre ser utfordringar. Vidare er du positiv, og liker å bygge og ivareta gode relasjonar både med kollegaer og kundar.
Vi jobbar mykje i team og med kundar, så det kan vere ein fordel at du trivst med å kommunisere og samarbeide med andre.
Vi ser vi etter deg som har:
Erfaring innan rekneskap, økonomi eller revisjon. God opplæring vil bli gitt, så vi oppfordra til å søke!
God IT-forståing og lett for å forstå og ta i bruk ny teknologi.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Er strukturert og beherskar å jobbe sjølvstendig.
Administrativ bakgrunn kan vere positivt!
Vi trur på at forskjellar i bakgrunn, utdanning og perspektiv gjer oss betre. Om du er usikker på om du er kvalifisert oppfordrar vi likevel til å søke!
Og ikkje minst ønskjer du vidare fagleg utvikling i eit hyggeleg og spennande miljø! Har du særlege kvalifikasjonar er det også aktuelt med ytterlegare ansvar utover det som er utlyst i stillinga.
Kva vil du gjere?
Rekneskap fra a til å, her under ansvar for
Bokføring, dokumentasjon og avstemmingar
Rapportering til kundar
Årsoppgjer, skattemeldingar og likningspapir
Kvalitetsoppfølging av oppdrag
Kva kan vi tilby deg?
I Accountor blir du ein del av Nord-Europas største kjede innan vårt felt, og i ein bransje som er i ei spennande endring. Du vil få jobbe i eit sterkt fagleg miljø, omgitt av dyktige og framtidsretta kollegaer med ulike bakgrunnar.
Videre kan vi tilby:
Interessante og utfordrande oppgåver
Moglegheit til å bli autorisert rekneskapsførar
Moderne løysningar til våre kundar og dermed ein meir spennande jobb for våre medarbeidarar
Ein jobb som tilbyr varig personleg utvikling
Fleksible arbeidstidsordningar
Vi kan også tilby konkurransedyktige vilkår, eit godt arbeidsmiljø, sosiale arrangement og kollegaer som vil jobbe ilag for å levere framtidas tenester til våre kundar!
Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn din søknad med din motivasjon for stillinga, samt din oppdaterte CV. Vi gler oss til å høyre frå akkurat deg!
Arbeidsstad:
Vi har kontorlokaler i Dale, Førde og Leirvik i sogn. Arbeidsstad vil bli avklart etter ønskje, det kan være Dale, Førde eller Leirvik, eventuelt i ein kombinasjon.
Vi vurderer kandidater forløpende.
Har du spørsmål om stillinga eller oss som selskap, kontakt dagleg leiar
Kim Frode Solheim tlf: 950 71 677, eller personalansvarleg Ragnhild Nordnes tlf: 410 80 498.
Vi i Accountor arbeider med menneske – ikkje bere med tal!
Accountor HAFS As
Accountor er spesialisert på outsourcing av tjenester innen økonomi, lønn, rådgivning, HR, rekruttering og inkasso. Konsernet består av ca 2300 eksperter fordelt på 6 land – Norge, Sverige, Finland, Danmark, Nederland og Ukraina. Accountor Groups omsetningen var på 260 millioner euro (2022).